1. runde frifondtildeling er klar

Dei første resultata frå årets frifondtildeling er klare. Heile 1.875.000 er snart på veg til 96 fritidstiltak over heile landet. -Så langt er pågangen større, søknadene betre og heilt sikkert gleden stor hos mange der ute, seier Tromp Sæterhaug som forvaltar frifondmidlane Ungdom & Fritid disponerer.

- Søknadene har jamt over fått ei raus behandling. Vi har valt å legge oss på ei linje som premierer dei som er tidleg ute, seier Tromp og legg til at kvaliteten på søknadene i år også er imponerande.

Snart ein tredjedel av årets frifondmidlar er delt ut. Sjølv om mange har fått maks i første runde, betyr ikkje dette at alle vil få maks utteljing framover. Ungdom & Fritid er interesserte i å dele ut alle pengane jevnast mogleg men også innan midten av september som er fristen. I utgangspunktet kan éin klubb berre få tilsagn på éin søknad. Men er det pengar igjen i september kan alle søke igjen. Det er flott for dei som er på hugget, men det er betre med å slå seg på brystet ved å kunne seie at i år har så mange fritidsklubbar som mogleg fått ta del i festen. Dei siste åra har alt for mange søkt i siste liten, og dette har medført for stor pågang som har gjort fordelinga vanskeleg på slutten. Det løner seg altså å vere tidleg ute! Dei som kjem for seint til middagsbordet får kald graut.

Resultata kan lesast her

Les meir om frifondordninga og retningslinjene våre her . Søknadsskjema finn dykk her .

 

Nyheter fra landets medier