Bydel Gamle Oslo har i den siste tida opplevd aukande gjengtendensar i lokalmiljøet. Gjengane er identifisera av politiet og dei er stadig i konflikt med gjengar i andre bydelar. Bydelen og politiet ser svært bekymra for voldsbruken blant ungdommane og at slike miljø trekkjer til seg ungdom heilt ned i 12-års alderen.
Difor søkte Bydel Gamle i Oslo kommune Barne- og likestillingsdepartementet om midlar til å etablere eit meglarteam som kan trø til på kort varsel når konfliktar oppstår. Departementet har løyva 200 000 kroner til tiltaket.
- Det er så viktig å gripe fatt i situasjonen før den kjem ut av kontroll, seier barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen. – For å klare å agere raskt er det viktig å ha gode arbeidsmetodar og samarbeidsrutinar på plass. Det er spanande at bydelen tek i bruk nye verkemidlar som supplerer det tverrfaglige arbeidet som fungerar godt allereie no, seier statsråden.
Støtta er ein del av Barne- og likestillingsdepartementets tilskottsordning Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Hittil i år er det dela ut om lag 50 millionar kroner til ulike tiltak i 23 byar.
Tekst: Barne- og likestillingsdepartementet
Torsdag 20. desember 2007




