Sogn og Fjordane har fått ein kjempeauke i tildelinga frå Musikkverkstadordninga (MVO) i 2008.
- Sogn og Fjordane kulturnettverk gler seg over den store auken i tildeling av Musikkverkstadmidlar som Norsk musikkråd gjorde offentleg måndag 11. februar. Aldri før har vi fått så mange midlar samla sett, og det er ei auke på over 200.000,- frå 2007. Dette er svært gledeleg , då det er både store og små prosjekt som har fått tildelingar, seier Turid Sørland, dagleg leiar i kulturnettverket.
- Dette er viktige midlar for musikklivet i fylke. MVO støttar framførings- og øvingsutstyr, opplæring, bygningsmessige tilretteleggingar
og ikkje personlege instrumenter. Desse midlane vert administrert av Norsk musikkråd, generert gjennom Sogn og Fjordane kulturnettverk,
opplyser ho.
Overraskinga i år er at det er rock som har fått tildelt mest i vårt fylke, med kr. 213.000,- Av dette går mange midlar til
bygningsmessige utbetringar og ”startpakke”, som er utstyr til øvingslokalar. Største enkelttildelinga går i år til Bremanger
kommune. Ungdomsklubben Realen i Svelgen er tildelt kr. 75.000,-, som skal nyttast til ”startpakke”, melder Firdaposten.no.
Torsdag 14. februar 2008




