Vi vil presisere at Ungdom & Fritid ikkje har knytt oss formelt til det eine eller det andre selskapet. Vi har hatt møta med begge selskap med dialog om kva som er best for fritidsklubbane. Det er opp til kvar einskild klubb å avgjere om ein vil ha lisens og kva for selskap ein eventuelt vil velje.
Lisensselskapa

Det finst to selskap. MPLC og Norwegian film. Desse er i konkuranse med kvarandre og tilbyr pakkelisensar for ulike produksjonsselskap.
Kjøper ein lisens hos det eine selskapet kan ein ikkje vise filmar som ligg hos det andre selskapet. Dersom fritidsklubbar
ønskjer å kjøpe ein pakkelisens må ein altså velje kven ein synst er best. Sidan dette er kommersielle aktørar vil Ungdom
& Fritid ikkje gå ut med ei konkret tilråding av selskap.
Lisensordninga
Når ein kjøper ein pakkelisens frå eitt av selskapa over kan ein vise filmar frå alle filmselskap dei representerer om filmen
er tatt med av klubbmedlem, lasta ned (lovleg), leid eller kjøpt. Men ein har ikkje lov til å kreve inngangspris eller annonsere
coveret for den spesifikke filmen.
Må klubben ha lisens?
Om klubben ikkje viser film er saken grei. Om klubben har utstrakt bruk av filmvisningar må ein anten ha visningsrett for
den enkelte filmen eller kjøpe ein pakkelisens. Åndsverksloven er klar på at filmvisning berre er tillate til ”privat bruk”.
Offentleg visning krev løyve anten direkte frå produksjonsselskapet eller gjennom ei lisensordnig. Einaste unnataket som er
gjort så langt for denne retningslinja er klasserommet i skolen der film visast i som eit undervisningsopplegg.
Ungdom & Fritid har tatt kontakt med Medietilsynet, Kyrkje- og kulturdepartementet og Norsk Film & Kino for å få statements omkring saka. Alle fagpersonar vi har vore i kontakt med er klare på at visning av film i fritidsklubbar er å sjå på som offentleg visning og at det ofte vil ha eit underhaldningsperspektiv
Ungdom & Fritid vil derfor uttale at ein fritidsklubb som ønskjer å vise film på lovleg vis bør vurdere ein pakkelisens, men at dette er opp til kvar einskild klubb å avgjere om- og kva for aktør ein skal velje.
Vår haldning om lisensar og selskapa
Ungdom & Fritid meiner filmvisning i klubb er ein positiv aktivitet. Vi vil arbeide for at det er enklast mogleg i forhold
til ånsverkslov og rettar. Ordninga med pakkelisens som gjer at ein kan vise filmar fritt innanføre pakken av filmselskap
dei representerer er i prinsippet god. Men vi meiner at det er veldig ugunstig å ha to konkurrerande selskap og at klubbane
blir utsett for marknadsføring frå to aktørar som berre blir halvgode. Dette er det per tid ikkje noko å gjere med, men Ungdom
& Fritid vil arbeide opp mot myndigheitene for betre løysingar i framtida. Sekretariatet sendt ei tilråding til Kyrkje- og
kulturdepartementet om at ein i framtida må kunne rekne kommunen som éin kunde. Altså at kommunen kjøper pakkelisensar som
gjeld alle kommunale tiltak som f.eks sjukeheimar, skolar, aktivitetssenter, fritidsklubbar osv. Skulle vi få noko slikt på
plass ville det uansett ikkje gjelde for dette året.
Ungdom & Fritid ønskjer ikkje å vere eit aktivt mellomledd mellom fritidsklubbane og lisenstilbydarane. Vi oppfordrar klubbane til å sjekke ut pris og filmselskap dei representerer.
- Begge selskapa har nettsider der du kan sjekke kva for filmselskap dei representerer. Skriv ut lista og ta ein sjekk på videosjappa for å finne ut kven som best representerer filmar klubben ønskjer å vise.
- Selskapa tilbyr ulike prisar for fritidsklubbar. Ta kontakt med lisenstilbydarane og spør kva for pris dei tilbyr.
Motion Picture Licensing Company (MPLC) har nettside http://www.mplc.no/
Norwegian Film har nettside http://www.norwegianfilm.as/
Tekst: Tromp Sæterhaug




