Rampen Ungdomsklubb

er eit tiltak retta mot barn og unge i Naustdal kommune. Eit tilbod kor det skal vere rom for eigenutfalding, sosial trening og ungdomens eige "kulturuttrykk". Vi fokuserer på ungdom som ein ressurs, kor fellesskap står i fokus, og å "opne nye dørar" og byggje nye plattformer.

www.facebook.com/rampenungdomsklubb 

vi oppdaterer kun facebooksida vår!

 

Rampen Ungdomsklubb held til i Gamle bakerilokala i sentrum av Naustdal. Det er ope alle dagar i veka, kor laurdag og sundag vert driven frivillig som kafè av ungdomane sjølve. Av aktivitetar kan vi nemne kiosk, biljard, diskotek, filmklubb, danseverkstad, musikkverkstad og kunstaktivitetar med tema.

Vi ønskjer å gje barn og unge ein god oppleving og god vaksenkontakt. Vi ønskjer å bidra til auka forståing mellom barn og ungdom og for barn og ungdom. Dette gjer vi gjennom prosjekter som kan bli fokusert på , kor vi kan vere med å "snu" negative haldningar rundt ungdomsmiljøa.